St. Ivan Rilski-kapellet
Utsjånad
St. Ivan Rilski-kapellet | |||
kapell | |||
St. Ivan Rilski-kapellet med Balkan snømark og Hemus Peak, Bowles Ridge og Burdick Ridge i bakgrunnen.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Livingston Island | ||
- koordinatar | 62°38′30″S 60°21′47″W / 62.64167°S 60.36306°W | ||
St. Ivan Rilski-kapellet 62°38′30″S 60°21′47″W / 62.641666666667°S 60.363055555556°W | |||
Wikimedia Commons: Saint John of Rila Chapel, Livingston |
St. Ivan Rilski-kapellet er eit kapell ved den bulgarske basen St. Kliment Ohridski på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane og er den første ortodokse bygningen i Antarktis og den sørlegaste ortodokse bygningen i verda. Dei tre grunnsteinane på 3,5 x 3,5 m vart lagt den 9. desember 2001 av protodiakon Ljubomir Bratojev, og kapellet vart vigsla den 9. februar 2003.
Bjølla til kapellet vart donert av Nikola Vasilev, tidlegare visestatsminister i Bulgaria som arbeidde som lege på den bulgarske basen i 1993/94, medan krossen på taket vart donert av den bulgarske kunstnaren Ditsjo Kapusjev.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «St. Ivan Rilski Chapel» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2014.
- Ivanov, L. and N. Ivanova. Livingston Island. In: Antarctic: Nature, History, Utilization, Geographic Names and Bulgarian Participation. Sofia: Manfred Wörner Foundation, 2014. pp. 16–20. (in Bulgarian) ISBN 978-619-90008-1-6 (Second revised and updated edition, 2014. 411 pp. ISBN 978-619-90008-2-3)
- Ivanov, L. General Geography and History of Livingston Island. In: Bulgarian Antarctic Research: A Synthesis. Eds. C. Pimpirev and N. Chipev. Sofia: St. Kliment Ohridski University Press, 2015. pp. 17-28. ISBN 978-954-07-3939-7